bokanmeldse

Sløyfeknute 

Eg har lese Knutar + av Gunnhild Øyehaug, fyrste gong utgitt i 2004 på Cappelen, denne utgåva frå 2019 er frå Kolon forlag med eit plusstillegg på fire noveller (lesareksemplar frå Kolon forlag). 

Boka er ei novellesamling med briljante band mellom kjensler, komikk, røynd og surrealisme. Ho flettar saman og set nye opplevingar som fargar på trådane til det eg trudde eg visste – om livet, om menneske, om det indre i oss. Ytst på tuppane er alt frå ein misnøgd hjort til mannen som er knytt til mora si heilt konkret med navlestrengen heile livet, også etter ho hamnar i jorda. 

Dette toppar ei god novellesamling, vil eg seie: at eg både får kome nært innpå psykologiske aspekt og at dei synast som heilt konkrete fenomen. Boka gir næring, noko å tygge på. Dette er språkgøy, dette er alvorleg skjemt, dette er noko som smakar av bittert, salt, søtt – og eg kjenner meg lukkeleg og motivert – motivert til å lese meir, skrive sjølv, heilt enkelt til å leve. Ei stor silkesløyfe og terningkast 5 frå meg. 

Knutar er framleis veldig aktuell. Boka er heilt nyleg selt til Sverige, og forventa å kome ut på svensk no i år. Det gler eit litteraturhjarte at fleire kan få nyte god, norsk novelleknust. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s