bokanmeldse

Note to self

Eg har lese Gertrude Stein Alice B. Toklas´ sjølvbiografi (Skald 2018, frå engelsk ved Brit Bildøen). Boka er ein del av serien med klassikarar forlaget Skald gjer ut i nynorsk drakt. Det kler også denne boka, synst eg. Serien har forresten gjort det enkelt for meg å oppdage unike, viktige verk frå verdslitteraturen. 

Alice B. Toklas’ sjølvbiografi er ein interessant, nær, humoristisk roman om det internasjonale kunstnarmiljøet i Paris på byrjinga av 1900-talet. Amerikanaren Gertrude Stein, som seinare er kalla The Mother of Modernism, skriv annleis enn alt anna eg har lese før. Gjennom denne boka, skildrar ho seg sjølv gjennom auga til venninna Alice. Eit grep som i dag nesten hundre år etterpå kjenst nyskapande på meg (boka kom ut i 1933). 

Eg fekk også unike notat om kjende personar som står sentralt i kunsthistoria i dag  – og kunstnarar av evig verdi, i dag. Eg vart kjend med Matisse og Picasso. Eg smilar kubistisk, ja i tekst er også det mogleg. 

Eg lærde om kunst i ulike formar, biletkunst, maleri, skrivekunst. Eg oppdaga menneska bak, framfor alt. 

Gertrude Stein opnar for å tolke verda annleis, skrive ho som ho er for henne. I denne boka er Gertrude. Ho er høg og ikonisk som Eiffeltårnet som pregar bokcoveret av denne utgåva, for meg. Takk for portrettet. Terningkast 5. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s