Eg har lese Heime aleine av debutant Lina Breidablik (Gyldendal 2023, lesareksemplar frå forlaget). Boka tok meg ut av eiget hus, ut i gata med Kiwi og inn i sanse- og tankeverda i same rørsler. Vil du verte med på ein heimleg jordomsegling?
Eg-personen i romanen er ein person som ikkje likar å planlegge. Ho bur i eit stort, slite hus ho leigar i, eigd av ein milliardær. Huset må ho snart flytte frå då det skal settast i stand, gjerast om. Byråkratijobben ho har tenkar ho å slutte i.
Eg-personen bur i dette huset. Ho går på same arbeidsplassen. Mellom der, handlar ho på kiwi, snakkar med venen sin Peter som er lege, ser ut i hagen og kjem med betraktningar og anekdotar om alt frå dumme ekorn til gamle folk når dei dør.
Det er morosame absurde og heilt vanlege element tatt på kornet. Døme: Både ho og legen Peter betalar 249 kroner i månaden for å spele squash utan å spele squash og synast det er ei god investering.
I disse observasjonane og tankespranga kan også eg byggje og bu. Det å sjå menneske rundt seg i det heilt vanlege, gjer livet rikt, nesten som levande kunst på veggane. Eg kjenner rikdomen inni meg no og set observasjonen på ein opp-peikande graf, slike grafar eg-personen jobbar med i jobben i byråkratiet.
Det er nett kvardagane som til saman utgjer mest av livet – og denne boka. Dei er verdt å få med seg. Eg får lyst til å teke notat på dei små tinga rundt ikring meg. Livet er no og eg vil dokumentere for å verkeleg sjå. Det må ikkje glippe framfor auga på meg. Dette er ei lita bok med stor glans på det som ikkje skinner av seg sjølv, det meir opplagte gullet for oss.
Boka er også eit særskilt godt døme på at det ikkje treng å vere ei stor hending for å drive ein roman. I denne boka er det alt det vanlege som verker inn og gjer ho unik.
Språkleg og litterært er dette også ei bok eg verkeleg sette pris på å lese. Eg opplever ho som ei punktroman og det er veldig korte kapittel med titlar på kvart som gjer at eg les sidene nesten som dikt. Eg vonar eg får lese meir av forfattaren framover då dette er fyrste roman hennar. Ho lovar meg og samtidslitteraturen godt. Terningkast frydefull fem.
