Eg har lese Ruinar på ryddige rekker av Hélène Cixous, omsett av Grete Kleppen (Solum bokvennen 2023, lesareksemplar frå forlaget).
Boka er ein intrikat, intelligent og biografisk roman. Ho fortel om byen Osnabrück og mor til eg-personen i forteljinga, som døydde i 2013 103 år gamal. Eit portrett stig opp frå bagasjen.
Mora Ève er i boka i full vigør, sjølv om ho ikkje lever lenger. Dottera vert leia rundt i byen som mora ein gong kom ifrå, flykta i frå.
Personane i boka bevegar seg i fortid, nærast notid og framover. Det er hopp og sprett i tid, og på ein måte i rom også. Er dette kanskje måneferd? Eg vandrar med, i alle spranga. Eg flyg på linene.
Det kan vere litt vanskeleg å henge heilt med og samstundes opplivande og oppkvikkande – vi er i år 1962, vi er i år 16, vi er på 1500-talet. Det er krystallnatta i 1938. Vi er i byen som prøvde å reparere sin knusande fortid med minnesmerke.
Eg vert med på minnevandring. Eg vert med på flukt. Frå Tyskland, som jøde eller ikkje, til freistnader på å få vere fransk, på å ikkje vere det. Eg er med i Ève sin koffert, sitt liv, si bok. Eg les i dag, eg les til framtida mi i morgon.
Eg manglar litt kunnskap frå verdshistoria for å forstå alt, kjenne at eg heng med i alt eg les om her, alle referansane. Men kanskje er det greitt. Kanskje kan eg nyte dette som saus og krydder, sjølv om eg sjølv manglar kjøt på beina mine. Ein til måte å sjå det på: Eg kan lese som poetiske liner over eit tema i stadet for å forstå som frå eit leksikonbind.
Eg vil om nokre månader lese boka ein gong. Då kan inntrykka få stadfeste seg sjølv, verte tydelegare som skrive i stein i meg. Dette er ei bok som overraskar og utfordrar. Ei bok å verte klok og forvirra av. Ei bok å forstå med og å flykte drøymande inn i på same tid. Terningkast 5 gir eg boka, trass eg stadfestar eit dårlegare kast på min eigen historie-kjennskap kan eg innrømme med eit smil.
