Eg har lese Arne Ruset sin roman frå i år, Eg kom ikkje heim før det vart natt (Solum Bokvennen 2023, lesareksemplar frå forlaget. Eg levde meg så inn i hovudkarakteren at då eg no skulle skrive om boka, heldt eg på å skrive namnet på han i stadet for forfattaren. Har eg vorte heilt gløymsk og forvirra i ei rørande bokoppleving?
Eg kom ikkje heim før det vart natt er om Agnar Heimlund som vert råka av demenssjukdom. I romanen følgjer vi han og dottera vekselvis, mest er det han som fortel men også ho har fleire kapittel. Han legg av garde på ei reise då han høyrer ei låt i radioen, i ein freistnad på å kome til ei gravferd i tide – til ein person som eigentleg har vore død lenge allereie.
Agnar vert etterlyst og vert henta inn der han har kome seg inn i eit anneks i ei bygd ikkje så langt heimanfrå og sjølv trur han er i Irland, på den grøne øya med alle dei gode minna. Han har alltid likt å reise. Reisa fortset.
Han vert teke til rehabiliteringsopphald. Han er på togreise. I kupeen kjem all slags besøk og leger. Kven er dottera – er ho kona, er ho mora? Det vert ei reise i tid som ikkje er meir. Det vert ei reise i eigen historie og andre menneske som lev eller ikkje. Kven er kjendis, han sjølv som var etterlyst i nyhendingane då han forsvann heimanfrå eller nokre i togkupeen? Er det sirkus? Er det Dalai Lama?
Notida i boka er i ei tid med koronapandemi og bruk av munnbind i samfunnet vårt. Det gjer også sit til at det kan vere vanskelegare å dra kjensle på menneska der dei er i maske og eg tenkjer også det kan bidra til å auke kjensla av at det er mest eit sirkus.
Agnar Myklebust har rett nok mista ein del av hugsen men ikkje evna til å tenkje kloke tankar. Sjølv om han ikkje hugsar å skrive tankane ned sjølv når han trur han nett sit og skriv, er minna, tankane og historiene i han. Dette er ei klok bok med glimt av lys og glede i mørke gløymsla. Ei bok til å verte mint om livet. Terningkast 5.
Tidlegare har eg frå same forfattar lese Songbok for hesten (Solum Bokvennen 2017).
