Eg har lese Tollak til Ingeborg, ein god og vond forteljing. Romanen er skriven av den produktive forfattaren Tore Renberg som også har gitt ut romanar som har verte filmatiserte, om Jarle Klepp. Denne boka lagde ein film i hovudet mitt i stadet, ei levande skildring og framstelling av «ein som høyrer fortida til.» Boka kom ut i 2020, Cappelen Damm forlag.
Dei kallar han Tollak til Ingeborg. Han bur oppe ved sagplassen i bygda. Han har melde seg ut av politikk og det meste anna. Stemmer ikkje ved val. Han har valt det bort. Men kva bur i han? Ein løyndom skal forteljast. Eg vert spent som ein sprettert allereie frå begynninga.
Boka er både eit storslagent og nært portrett og eit familiedrama som er spele ut. I familiebiletet vi får sjå er alle dimensjonar verdt å merkje seg. Eg inkluderer Oddo særskild i det, guten Tollak og Ingeborg tok til seg, han tilbakeståande mora ikkje greidde med. Og det gjer Tollak også, inkluderer. Persongalleriet i denne romanen varmar meg, gjer meg varm i trøya beint sagt, eg vil spele. Spele ut livet, vere heile meg, sjølv om eg kan kjenne meg mindreverdig som ein slags funksjonsnedsett.
Boka endar ikkje lukkeleg, men enda er liksom ikkje her likevel, sjølv om alle korta fell på bordet og ballen kan leggast daud. Eg kjenner at det er meir å leve for. Kjempe vidare, for dei som står att. Også for Tollak sin skuld. Eg synest han fortener det.
Romanen bør lesast av alle som liker ei god bok, alle som vil kjenne på noko som er annleis – på både godt og vondt – og samstundes kjenne seg sjølv att. Boka er så menneskeleg. I boka møter eg meg i døra, før eg lukkar ho igjen. Tollak til Ingeborg er også ei bok som får fram at menneske stort sett ikkje berre er vondt, sjølv om ein har gjort noko frykteleg gale. På ein måte er romanen ein thriller, på eit anna plan er den heilt nær og nedpå. Spennet er i balanse og dansar med meg i henda. Noko av det beste eg har lese. Seks auge på terningen.
