bokanmeldse

På den andre sida 

Eg har lese Du er så lys av Tore Renberg (Forlaget Oktober 2016). Eg likar Renberg si skrivestemme, og aller best har eg nok likt å lese Tollak til Ingeborg som er på nynorsk. Difor gledde eg meg særskilt til å lese Du er så lys som også er skrive på dette målet. Det vart ei glitrande reise i mørkeret som ikkje skuffa forventningane i det heile og eg gler meg over det nynorske skriftspråket og menneskets kompleksitet – det siste på både godt og vondt. Nå skal eg fortelje deg om leseturen min. 

Jørgen bur i ei gate i ei bygd samen med kona si Vibeke og dei to sonene deira. Nabohuset der Hogne har flytta ut, vert fylt med lys igjen. Det er ein familie på tre som kjem. 

Faren i nabohuset, som har fått jobb som lækjar i bygda, kjem smilande gjennom hòlet i hagen til Jørgen og familien nesten som eit lykketreff. Steinar strålar varme og spreier glede som sola sjølv. Han er heilt usedvanleg lys! 

Usedvanleg er eit viktig omgrep her. Noko skurrar, er ikkje som det skal. Men kor gale kan det eigentleg vere? 

Romanen fortel om menneske som har eit mørkeret under overflata, innom seg, som mest opptrer innomhus. Familien hans kjem til skade av tungsinnet, vi anar ein forteljing om vald. Boka er ei familietragedie og ein sjølvmordshistorie. 

Likevel er boka lys for meg. Det er som eit brennande lys til opplysning, som verkeleg viser at menneske er meir enn vi ser. Samstundes med det mørkeret nokre ber på, ser vi at også av det gode kan det vere ting som ikkje kjem til overflata. Man skulle tru ein sat igjen her med at det var det fæle som var gøymt unna. Men eg ser også kor mykje eit menneske eigentleg vil – vil vere betre, når eg les Steinar sin historie som kjem i dagboknotat mot slutten. Det å ville vere annleis og betre – lysare igjen – for seg, familien, oss. Her er vi – i eit samfunn eg håpar vi kan huse kvarandre og i husa lyse opp krokane så i alle fall ikkje løyndommane ligg mørklagde og ulmar opp til store brannar og skakande tragedie. 

Du er så lys er ei open bok som gjorde meg godt å lese endå så skremmande det kan vere at vi veit å så lite om andre menneske. No veit eg litt meir. Eg kan også forstå mitt mørkeret litt betre trur eg, sånn at eg kanskje gir meg litt rom i stadet for å berre hate meg sjølv for dei dårlege sidene mine. Eg vil prøve å sette ord på det eg kjenner og på den måten greie å få fram dei betre sidene. Terningkast fem pluss. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s