Eg har lese ei novellesamling frå forfattar Marit Kaldhol. Ho skriv på nynorsk og samlinga verte gitt ut på Det Norske Samlaget i 2006.
Målgruppa for tekstane er ungdom. Den målgruppa gir kanskje rom for å leike meir, enn når ein skriv for oss «keisame» vaksne? Dei unge er meir opne for fantasi, dei lever i draumane. Eg lar meg rive med, som når eg ser ein god kinofilm, der overgangane mellom verkelegheit og fantasiar går glidande. Eit subjekt og fenomen som gjentek seg i forteljingane, er saks; bruk av saks. Å klippe gir ikkje her hull, men snarare heilhet i boka. Slik det også kan fungere på film. Eg vart med på filmtrikset.
Tekstane blander røynda med det uverkelege, det som beint fram ikkje er mogleg i verkelegheita. Til dømes er skillet mellom levande og død somme stader borte. Dei levande møter døde menneske og det kan til og med verte kjærleik då.
Novellene er skrevet med korte linjer, aktiv bruk av linjeskift. Det er brukt ordbilete som gir levande bilete. Stemninga skiftar også hyppig, og eg får gode, sitrande, engstelege kjensler om kvarandre og samanblanda. Kino er ei bok som inviterer til kreativ tenking og inspirerer til kreativt arbeid og kjenslearbeid, eg får ei lyst til å leike med ord og til å kome nærmare meg sjølv, kjenslene mine og aktivt zoome inn på bilete – og samstundes sjå dei i ei større samanheng, kanskje også syne meg sjølv fram på stort lerret!
Det er ikkje berre mørkt på kino. Det er lys også, som glimrar og somme tider er det kraftige fargespel. Eg gir boka ein femmar og vonar mange oppdagar ho – også vaksne, dei kan ha eit og anna å lære av korleis eit meir barnlig sinn blandar i hop røynda, leiken og draumane. Dei er framtida!

En kommentar om “Klippet film (som sett på kino?)”