bokanmeldse

Å føde ein fisk 

Då eg fylte år i januar, fekk eg ei samling forteljingar av Marit O. Kaldhol, som ho har skreve. Boka heiter Mjølketannmuseet og kom ut på Samlaget i 2018. Eg har tidlegere blant anna lese novellesamlingane Kino og Enno var dei kroppar av same forfattar.

Denne boka er surrealistisk, særeigen og ho sprett i munnen på meg når eg les. Kva for ein fest det var å lese ho – verkeleg. Eg las om skulpturar av mjølketenner, ei kvinne som fikk ein fiskeunge, ei mor som hald ungane sine i bur trygge for reven, ein hund som gifta seg med ei dame og kjøpte seg ein sykkel og ein mann som lager musikkinstrument av skjelettet til sonen, etter å ha gløymt han att i ein oppbevaringsboks saman med kofferten sin. For å nemne noko, av alt som boblar inni meg som rosa hubba bubba og gylden champagne på ein gong.

Særskilt det å ha andre ting enn menneskeungar i magen, og å føde likevel – som «vanlege» gravide – gav meg ei pirring. Det prikka i huda og kroppen min fikk nytt potensial, eg kjenner det no, at min eigen også rommar noko. Som om det bur liv i meg, berre i det at eg kan skrive. Eg vil skrive meg mi eiga nye, verd, eg vil skape ho og eg vil mette verda med to fiskar.

Ordbileta er nokon gonger absurde og oppsiktsvekkande, men alltid godt forklarte, sjølvillustrerande og levande står dei opp framfor auga på meg. Eg likte òg replikken: «-mor har alltid ein reservenøkkel» og eg brukar setninga som sjølvtrøyst. Det er nemleg eit sikringsnett i dei vi menneska vi stole på. Til dømes ein mor eller ein trufast forfattar, dei er i bakhand som ein nøkkel om ein låser seg fast eller blir ståande aleine att utanfor ein låst dør. Både auga og hjartet mitt opnar seg litt gjennom disse forteljingane, i en blanding av søtt sjokk, overrasking, og medkjensle. Livet innehald mange mirakel og fødselsdagar! Terningkast 5.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s