Eg har lese boka Dyret av Heidi Furre (Flamme Forlag 2019). Eg valte ho fordi ho vekte mi interesse på ein eller annan måte. Som noko annleis om noko som er ein alminneleg og stor del i livet til mange kvinner, men ikkje i mitt. Eg ville lære, men eg har tidlegare ikkje opplevd at forteljingane er unike. Det fikk eg kjensla av her. Boka blei eit eige liv – eller to, rettare sagt.
Dyret er ein roman som fortel om å vere to personar i ein kropp. Altså, hovudpersonen er gravid og skal bere fram barnet til vår verd. Men ikkje noko av det mora undrar på, finst svaret på i fagbøkene. Og derfor er dette også ei skildring ein ikkje finn i faglitteraturen.
Ho gir meg noko. Antakeleg ikkje ein fasit, men ein variasjon over eit tema. Med fleire røyster i litteraturen, blir røynda meir komplett. Ein ser nyansar og får ei forståing. Også om at vi er ulike! Det tykker eg er både viktig og flott. Mangfaldet veks fram og eg ser lyset, som når mødrer ammar om natta og har lyset slått på for å sjå kva dei hell på med. Eg fann ei forteljing verdt å leve meg inn i.
Eg har før ofte tenkt at det med å få barn ikkje angår meg. Men så las eg setningar som: «Eg veit ikkje om det er viktig å ha eit barn, å være ei mamma eller ein pappa. Eg veit berre at alle barn er våre». Furre får fram barnet i oss sjølv også, at vi alle er viktige. Eg forstår at eg også har eit ansvar for å vakse fram og halde fram med livet mitt. Eg må vere eit medmenneske og teke omsyn til barna rundt meg. Alle treng nokon, og den nokon kan somme tider vere meg. Ingen er verdilause, og alle er sårbare.
Boka er rik på bileter. Eg smiler som på eit fotografi når eg les i ein dialog at barnevogna er julenissens slede, og eg gler meg til alle mirakla omkring meg, når menneske vert fødde – same om dei kallas Lux eller Jesus. Eg fekk meir enn ei god leseoppleving, eg vart også opplyst. Terningkast sterk femmar.

En kommentar om “I vindauget lyser det”