Eg har lese Makta av Heidi Furre (Flamme Forlag 2021). Boka mi er eit forhandseksemplar frå forlaget, som ikkje er korrekturlesen. Difor kommer eg ikkje til å hengje meg opp i skrivefeila i omtala mi. Dei er nok borte i den endelege utgjevinga.
Makta er ein liten roman som gjorde eit stort inntrykk. Så stort inntrykk at eg ikkje veit heilt kor eg skal starte med å uttrykkje meg sjølv. Som om alt som skal seiast er sagt, eller som om det rett og slett ikkje finnast ord for dette. Som skjer. Med ei av ti kvinner i landet vårt.
Dei blir valdtekne. Dette ordet hovudpersonen i romanen, Liv, ikkje liker å seie. Ho øve seg framfor spegelen. Vi har i Noreg eit rettssystem der den valdtekne ofte ikkje blir trudd. Vi har eit samfunn der mange som opplev seksuelle overgrep, ikkje vågar å seie ifrå. Dei ber de i seg.
Liv ber også Gucci-vesker, i det er det noko humor sjølv om det ligg eit trist teppet over motegleda. Ho shoppar for å unngå kjenslene. Men dei bur i bagasjen, likevel og framleis. Liv får ein son saman med mannen ho elskar. Men ho har ikkje fortald om hendinga med valdteken til han heller.
Boka er om konsekvensen av valdtekt som aldri havnar i retten. Traumet er eit tabu Liv ikkje maktar tale om. Ho ber skamma åleine. Nokon andre har makta. Forfattaren har gjort eit verknadsfullt grep med å bruke verbet å makta saman med denne makta. Denne valden og alt ho er utsett for. Å makta å leve, å bere på det som har hendt, orke å gå vidare i livet sitt.
Språket er tydeleg. Det er rett på sak, samtidig som det gjennom mange ulike bileter syner oss korleis det er å vere Liv.
Makta er Furre sin fjerde roman. Eg har tidlegare lese Dyret, som handla om å gå gravid, vere to i ein. I denne boka finner eg igjen att den unike evna til å skildre kvinnekroppen og syne fram kjensla på innsida. Heldigvis opplev ikkje like mange valdtekt som å bere fram eit barn, men det er diverre noko som angår mange. Også vennene, seinare kjærastar og andre som er glad i ein kan trengje ei bok som fortel om dette på ein så rå og ærleg måte.
Eg klarte visst å skrive noko om boka. Men ho fortener å opplevast på eigenhand, så eg anbefaler å setje ho på leselista. På godt og vondt vil eg leggje til – opplevinga vil gi både god opplysning og vonde kjensler på ein gong. Eg set terningkast 5.

En kommentar om “Liv laga. Å makta å leve ”