Eg har nyleg lese Heidi Furre sin roman Ungdomsskulen (Flamme forlag, 2017). Eg har tidlegare lese Dyret (2019) og Makta (2021) av same forfattar.
Dette er ei bok til å hugse ungdomsskulen. Korleis han var. Eller kunne vore? Romanen handlar om Maja og venninnene hennar – i hovudsak to. Dei lurar foreldra, snik seg ut av vindauga, drar på festar, kyssar og smakar alkohol. Det er å krangle, det er å verte vennar att, det er gutar over også platåsko.
Romanen kan minne ein om alt som var då man gjekk på ungdomsskulen. Prøver ein skulle bestå, karakterar opp og ned, og å kome for seint til bussen og berg-og dal-banar i kjenslene. Buffalo-sko, piercing nokon tok i navlen, solarium, draumar om å reise av stad, kanskje utan foreldre. Det er bilete som gir innsikt: sånn kunne det vere.
Eg likte dei to andre bøkene eg har lese av Furre betre – dei gav meg meir – sjølv om denne også er verdt å lese. Eg kjeda meg litt undervegs, kanskje er eg berre ikkje heilt i målgruppa. Ikkje at eg ikkje har vore ungdom ein gong, også truleg på same tid som boka er skildra frå, men eg var nok ein litt annleis ungdom. Eg hadde ikkje disse opplevingane med festar, fyll og forelsking, abortar og skoleskulking. Samstundes er forteljinga liksom ting eg har høyrd hundre gongar før, så eg kjenner ikkje at eg fekk kjenne på menneska sine kjensler på ein meir utdjupande måte som gav meg noko. Men språket er heilt ok og enkelt å lese, eg kan sjå for meg det som er skildra. Terningkast 4.
