bokanmeldse

Mange korte til ei lang

Eg har lese ei bok med dei tre bøkene Kodane (2008), Essensen (2011) og Botnen (2016) i, av Olav R. Øyehaug. Utgåva kom i 2017 (Kolon forlag) og mitt eksemplar er eit lesareksemplar frå forlaget. Alle bøkene består av ei rekkje forteljingar, skjønnlitterære korttekstar. Eg vil fortelje om leseopplevinga mi no.

Øyehaug sine forteljingar har eit bredt vengespenn og eg blir med på flygeturar. Eg må konsentrere meg, for å finne att bakkekontakta no etterpå. Eg vil liksom sjå ei ny verd, lage mine eigne tankar, ei ny forteljing, kanskje ein heil roman. Eg romantiserer over det stygge, også. Og også for å halde kursen, mens eg les, må eg konsentrere meg. Det er lett å spore av, og å miste tråden. Det er ikkje ein vanleg verkelegheit Øyehaug skriv om, samstundes er det nettopp vår verd – sett med annleis briller.

Eg vart ikkje med på alle tankerekkjene. Nokre forteljingar hadde sprang eg ble ståande tilbake, einsam, og undre meg over når eg var ved enden av historia. Men å bli etterlaten gav meg også noko, det å bli overlaten til å tenkje sjølv, leite eiter meining og få ei eller anna form for forståing. Av verda? Av livet? Av kvarandre?

Forteljingane eg forstod betre, gav både smil og skrivelyst til meg. Eg ble varm om hjartet fleire gonger, til dømes i forteljinga Presise kjærteikn i Essensen, der det handla om ei mor som klappa fram sonen sin frå inkje, når han hadde reist seg opp frå sofaen og ikkje satt der meir. Ho klappa som om han framleis var nær. Forteljinga slutta slik:
«Elskar ein son i sin tur mor si høgt nok til å klappe ho fram att frå inkje? Det får tida vise. Men eg trur det. Eg håpar det.»
Forteljinga er på berre ei dryg halvside, men ho skriv seg ned i meg som om ho skulle vore ei komplett oppskrift på å vere glad i nokon. Eg får også latterlege innfall av å ha lese, som ei slags djup kjensle av at eg burde tatovere dette med å elske mor si på høgrehanda, ho eg skriv mest med. På tastaturet skriv eg med begge henga, men for hand, er det høgre som får arbeide. Eg slår frå meg tanken for ei stund, eg må jo summere opp det eg har lese, og tenkt, no.

Eg gir boka ein femmar!
Mange korte forteljingar utgjer ei lengre oppleving, som eg vil ta med meg vidare i livet, inkludert når eg driv med mi eiga skriving. Trekket ned frå seks, er fordi det somme tider er vanskeleg å henge heilt med for meg, og når det er så korte tekstar som mange er her, rekk ein liksom ikkje lære seg å forstå mens ein les. Men alt det andre, er tommel opp! Også noko av det som eg nemte no trakk ned, er også opptur og eg tar av meg hatten og heiser flagget til topps, innvendig.

Reklame

En kommentar om “Mange korte til ei lang

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s