Eg har lese Olav R. Øyehaug sin nye, framande framtidsroman Stupet og handa (Kolon forlag 2022). I boka er det nye tankar og sprang. Eg grip fatt med båe hender. Eg sit med ei hand notida og ein fot trippar mot framtid. Eg les morosame setningar, som ei om ein direktør som vil delast i to i eit tryllenummer for å kunne vere både direktør og mor. Boka tek med dei orda tidsklemma på alvor – med ein dryg, direkte humor! For at eg kan få vere alt eg vil, deler eg meg i dei to språkformene våre, nynorsk og bokmål. Eg har no kost meg med denne fargerik og fengande romanen på nynorsk.
Romanen kan ein begripe, mellom det realistiske og absurde, dreier seg om ein ung diabetikar. Ei stor hand grip inn i livet hans, slik ein sjukdom kanskje tar over det livet ein vil leve? Han er på sjukehus, og er svært sjuk. Han er i mellom det hinsidige. I romanen er det mykje underleg som hendar. Han – Olav – og ein annan diabetikar legg planar for å stele insulin saman. Det er forsøk på forfalsking av kunst. Det er reiser til Afrika. Der finst Disneyland. Verda snus på hovudet.
Eg synst det er gøy å lese og sjå til dømes at vi også i vår fleirkulturelle verd reagerer når vi ser eit kvitt barn på fanget til mora si som er mørk. Det er enno ikkje det vi forventar, at ei frå Afrika adopterer frå Europa. Kor lenge er det eit framtidsscenario, når vert dette naturleg for oss? Eg lærde om meg sjølv, kor firkanta og antakande eit menneske – til og med eg – kan vere, fanga i vår eigen kultur, vårt eige vanebaserte tankesett.
Eg vart tatt på senga. Eg vakna. Sjukdom får eit frisk pek. Språket leikar. Eg finn humor som at den eine diabetikaren får ein alvorleg hjerneskade, av den sorten som forandrar personlegdomen til lege. Tematikken er samfunnsaktuell. Underhaldninga er komplett. Boka er anteken hos meg. Femmar på terningen.
Anna eg har lese av forfattaren: Kodane (2008), Essensen (2011) og Botnen (2016)
