bokanmeldse

Ja takk båe delar 

Eg har lese ei talande diktbok. Ho er skreve av forfattar Lars Amund Vaage, som eg har lese romanar av før: Syngja som handlar om dottera med autisme, Sorg og song som var om å skrive den nemnte boka, Kunsten å gå om ein gut som vert sjuk som ung og plutseleg ikkje kunne gå. 

Diktsamlinga er ei skjønnlitterær, lita perle. Ho heiter Den stumme (Forlaget Oktober 2011), og er ei bok i to delar. Den første delen heiter Den stumme som boka, medan andre del heiter Songar om døden og kjærleiken. Kvart enkelt dikt, har ikkje tittel. 

Boka utvidar horisonten min. Ned blir opp, golv er tak, trær blir plankar, hus er tomme, høgt blir lavt, eit barn fødes ut på fiskens himmel. Eg blir med ut på havet og inn i skogen, båe delar gjer meg opplevingar, eg blir teke inn i historier av eplekvistar og grøne morgonar. Eg får sjå den blinde, stumme og bortkomne, som likevel kjem – kanskje til oss, om vi har auge, armar og augne opne? 

Eg lukker att boka med ei von inni meg. Eg er rik, det kjenner eg no, som kan gå inn i verda av litteratur dagleg. Reise jorda rundt, og velje meg Noreg der eg kjem frå, kome heim i meg sjølv. Eg kan høyre alle slags rop, utan ein ljod. Eg kan drøyme, sovne frå og vakne att. Eg kan leve, eg kan døy utan og døy. Reisa sluttar ikkje her. Terningkast svært sterk femmar. 

Reklame

En kommentar om “Ja takk båe delar 

  1. Tilbaketråkk: Å arve eit eventyr 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s