bokanmeldse

Å arve eit eventyr 

Eg blei tipsa av ein forfattar som liker noko av det same som meg, om ein roman om psykiatri skriven av Lars Amund Vaage. Boka heiter Skuggen og Dronninga (Forlaget Oktober 2010). Eg har tidlegare lese Syngja, Sorg og song , Kunsten og gå  og Den stumme av same forfattar. 

Romanen byrjar med Mikal, som reiser til heimbygda med kjærasten sin. Han har leigd ei hytte til dei to, pussa ho opp, gler seg til å vise fram og han skal for første gong på mange år vitje bestemora si, Sara, ho som har vore sjuk og på sinnsjukehus i mange år og som folk seier har vorte frisk, no som no lev på aldersheimen, at ho har klarna opp og er vanleg. 

Gjennom fem kapittel kjem vi innpå Sara, livet hennar, sonen Sam som også vart teken frå kvardagen hennar plassert på galehus, eit liv med galskap og historier om kjærleik, tap, psykiatri og nedbryting av menneske. 

Mikals arv etter bestemora kunne kanskje lesast som ein tragedie, eit uendeleg tap med vonde minner og elles lite godt. Men det er også eit eventyr, både det konkrete i historia med dronningar og anna litt uverkeleg og storarta, men også det nære og vakre med mangfaldet i menneska. Ein sitt kanskje att spesielle menneske med særskild sjel og personlegdom ein verkeleg vil bevare for bestandig. Minna er vår arv. 

Språket er poetisk og syngjande, vakkert og vart, sterkt og innhaldsrikt. 

Eg vil hugse denne historia. Eg vil bere ho med meg. Eg vil for alltid vere takksam for at eg sjølv har fått kome tilbake til verda og dei som er glade i meg, etter alle årane på sinnsjukehus. Det er også eit eventyr. Eg trur mange som har levd nær nokon som har vorte psykiatriske pasientar, har opplevd som Mikal å halde seg borte for lenge, vegra seg, og kanskje ha kommen for seint. 

Romanen får fem auge på terningen frå meg. Så klart kan ein sjå om ein freistar å lese om også vanskelege og triste tema. Eg kjenner glede og anbefaler boka vidare.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s