Nyleg las eg Kleda er gjennomvåte av Erlend Skjetne. No har eg lese den nyaste romanen hans, Eit anna blikk (Flamme forlag 2021, boka mi er eit lesareksemplar frå forlaget). Boka er ein ungdomsroman og ho vann Brageprisen for barne– og ungdomsbøker 2021 samt ho var nominert til Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok same år.
Eit anna blikk er ei forteljing frå eit flyktningmottak i Nord-Noreg. Vi møter Anwar, og historia er gjennom hans auge. Han bur der saman med sytten andre afghanske gutar, med sine sår i livet og syn på verda.
Anwar elskar språk, elskar bøker, liker å lære mest mogleg når det gjeld korrekt norsk òg, – forstå delen av verda han er i no – og han blir kalla Professoren. Når Walid flyttar inn på rommet hans, får han sin einaste venn. Vennen er ein motsetning: ein sjarmerande opprørar og ein særskild god fotballspelar som vert kalla Messi.
Kvardagen på mottaket er meir enn litteratur og fotball, harde kår sett preg på gutane. Livet scorar ikkje alltid mål, sjølv om Walid er god på bana. Det er stadig bortebane, assosierer eg, når ein ikkje høyrer til det norske samfunnet og blir behandla deretter. Dei er ikkje inkluderte, har ofte berre kvarandre. Walid har mista broren sin, som han flykta saman med. Relasjonar går i ball, og han gjer kriminell handling. Både sjukehus og politi blir ein del av dagleglivet.
Vi får innblikk i språkforvirring og språkutvikling. Anwar syner oss skriveoppgåvene han gjer på skulen, når dei lærer norsk. Vi ser (språk)feila, og dei gjer bilete av menneske på flyktningmottak i Noreg meir presist, detaljert og komplett. Forvirringa, humoren og redselen treff meg alle tre som eit Kinderegg. Vi får sjå Noreg med Afghanske auge, også med at det settast fram Afghanske ordtak på det som opplevast i den norske bygda. Eit godt døme på kor viktig skulen kan vere, er Anwar sjølv og læraren hans. De er ein relasjon som verkar berekraftig.
Kven av afghanarane får opphald i Noreg, kven må forlate det fredlege og leggje ut i verda som flyktning att? Eg blei med på «ups» and «downs», som på Berg- og dal- bane på Tusenfryd. Eg kjende glede, men også kvalme av forholda dei unge blei utsett for. Denne ungdomsromanen tilfører eit eige perspektiv til innvandringsdebatten og vilkåra for dei som havnar på flyktningmottak. Takk for brillene! Eg gir terningkast seks.
