Eg har lese Aina Basso sin roman Finne ly frå 2014 (Samlaget). Eg las nyleg ungdomsromanen Inn i elden om heksejakta i Finmark på 1600-talet av same forfattar.
Finne ly er skrive for vaksne, men er òg som Inn i elden ein historisk roman. Denne boka skildrar frå ei anna tidsepoke, ei forteljing frå romanifolkets nære forhistorie. Handlinga byrjar i 1849, kor vi får møte Hanna. Ho har rømd frå tukthuset og treng arbeid. Ho søkjer teneste hos ein eldre mann med to vaksne søner. Gamlingens kone er daud, og dei treng hjelp til litt av kvart på garden. Hanna får teneste, men livet går ikkje så lett likevel. Ho må halde tett om opphavet sitt og omgår både sanninga og moglegheita til å vere saman med sitt eige folk. Hanna må velje mellom tryggleik og fridom. Kan dei foreinast, viss ikkje, kva er mest verd?
Yngstesonen på garden, Johannes, forelskar seg i Hanna, men odelssonen Harald gjer det vanskeleg for dei. Han er skeptisk til kor ho kjem frå, spør henne ut. Når Harald skin når han snakkar med henne, er det også vanskeleg for Johannes. Han vil ha ho for seg sjølv, og minnast ein episode frå då dei var yngre og Harald drap hans ekorn. Noko tap set seg i sjela og varar evig.
Lesegleda mi varer også evig trur eg, når eg så ofte finn velskrivne romanar som dette. Takka vere Basso, har eg fått opp auga mine for historiske romanar no, og er også meir interessert i fortida enn eg var – dei ulike historiske epokane og hendingane. Å lære om samfunnet og kor det kom frå, gir meg ei ro, eit ly frå dei skumle fantasiane. Innsikta er gull verdt for meg. Sjølv om røynda romanane eg har lese no handlar om er hard, er røynda konkret, handfast. No vet eg kva som har vore. Eg held pusten og vonar på framtida, at ho vil vere betre også for folkegrupper som lever utsatt, som disse skjebnane er døme på. Historia blir fortald skiftevis mellom Hanna og Johannes, gir ein spennande dynamikk. Terningkast – minst fem! Terningkast – minst fem!

En kommentar om “I ly og le ”