
Eg har lese Inn i elden av Aina Basso (Samlaget 2012). Eg oppdaga ho då eg høyrde om Dei nynorske festspela, og såg at ho skal vere årets festspeldiktar (2022). Basso skriv historiske romanar og Inn i elden har ho skrive for ungdommar. Boka var nominert til Brageprisen.
Bakteppet for Inn i elden, er døds-dømminga av «trollkvinner» i Finnmark på 1600-talet. Boka fortel om to unge jenter som hamnar på kvar si side i den grufulle , skremmande delen av norsk historie som heksejakta er. Ho eine – Dorothe – er rikmannsdotter frå København, som blir gifta bort til ein mann som blir fut i Vardø. Ho andre, er Elen, som er dotter av ei såkalla «klok kone». Ho føder mange barn, men har berre ei dotter og sonene er sendt vidare. Ho får så ein liten gut Elen trur er ein brytning. Seinare, er ho igjen gravid, dei trur det er ei jente denne gongen, men ho får dei aldri oppleve. I Vardø kryssar ungjentenes liv kvarandre dramatisk, og eg assosierer krysset til dødens kors. Historia forteljast parallelt av med dei to jentene sine røster. Jamgamle men elles svært ulike, gir dei oss saman ei levande skildring av vegen inn i vaksenlivet. Liva deira er i kontrast til vår tid, men syner at noko alltid er universelt og viktig uavhengig av tidsepoke, for oss menneske. Eg kjenner att fleire kjensler, hos båe jentene. Boka engasjerer difor ekstra mykje, og eg har sjeldan våre så fenga når eg las ei bok som no. Det var vanskeleg å legge ho frå seg.
Eg tenkte, før eg las, at ein ungdomsroman har vel ein happy ending. Han er vel litt mild og god, førestilla eg meg, dikta opp for sårbare, unge, sinn. Men kor naiv eg er! Denne boka er historisk korrekt og bygd på virkelege hendingar. Det gjer ho særskild interessant og eg gler meg til å lese meir av Anna Basso. Dette er ein sjanger eg knapt har vore borte i, og boka gav meg blod på tann og absolutt meirsmak. Eg slikkar meg og munnen og gir ho 6 auge på terningen min. På leselista no står Finne ly (2014) og Ungen (2019) – dei er faktisk klare til å lesast her på stovebordet mitt.

2 kommentarer om “Historisk spennande, engasjerande og lærerik”