
Eg har lese ein roman til av Aina Basso, som skriv historiske bøker. Ungen (Samlaget 2019) handlar om «Englemakerskene» som gjorde små barn, pleiebarn, om til englar.
Anna mistar husposten sin hos ein grosserar som har gått konkurs. Ho treffer att Pauline, som jobba på fabrikken ho sjølv arbeide ved før, og slutta på fordi ho skada fingeren sin. Anna finner ikkje nytt arbeid, og Pauline kjem med ei løysning: Ho kan bo hos henne og dei kan saman tene pengar på å ta til seg «pleieborn», barn som ikkje er ynskte.
Dei byrjar meg ein unge, men Pauline vil ha større inntekt, betre betalt. Etter ei stund sluttar ho også på fabrikken og er heime med ungane. Men det viktigsta syner seg å vere eigen overleving og ungane kjem ofte i annan rekkje.
For å ikkje vekke merksemd hos naboane, freistar dei halde ungane skjulte, og dei behandlar dei med konjakk og held puter over dei for å hindre og dempe barneskrik. Fleire gonger går det gale, ungane vert til englar.
Boka er fiksjon, oppdikta, men tar utgangspunkt i verkelege hendingar: i 1901 kom den verste barnedrapssaka i norsk historie opp for lagretten i Kristiania. Seks kvinner blei tiltalte for medverking til at over tjue ungar døyde frå hausten 1899 til hausten 1900.
Dette er ei bok om kvinner. Dette er ei bok om korleis tenestejenter som vert gravide, kanskje ikkje kan få vere mødrer, og sett bort barna. Dette er ei bok om å freiste tene til livet, utan å teke omsyn til alle det rører ved. Det er ei bok om uro inni og utanpå. Det er ei historie frå Oslo, for berre litt over hundre år sidan.
Eg kjende eg bølgja i kjenslene mine gjennom lesinga, att og fram, somme tider med hovudet under overflata. Anna og Pauline fikk fram samkjensle i meg i deira strev for å vere til, og det fælslege dei gjorde nærmast automatisk fikk meg nesten samstundes til å ta totalt avstand, eller i alle fall ønskje å ta avstand. Mine blanda kjensler (eg veksla også gjennom å kjenne på det søte og sarte saman med fælslege kjensler), syner kor komplekse menneske er, med våre eigne behov kombinert med å skulle behandle også andre menneske godt, og kva som skjer når vi ikkje makter å foreine disse to.
Ei bok som vekka meg opp, og eg trur eg vil ha med meg historia når eg ser gravide kvinner – korleis har dei det, er barnet velkommen, vil dei makte alt? Klart dei ikkje vil lage «englebarn» av det her slaget, men boka fikk meg til å tenkje: Kanskje skal vi vere flinkare til å hjelpe kvarandre med å ta vare på dei nye verdsborgarane OG mødrene deira. Det vil vere tider det kan vere tungt å bere, sjølv om å få barn kan vere det mest fantastiske av alt. La oss hjelpe til så det blir det, både for foreldre og spedbarna som skal vekse til. Ei klok bok om tragisk fortid og historie. Terningkast fem pluss.
Andre romanar eg har lese av forfattaren: Inn i elden (ungdomsroman) og Finne ly.