Eg har lese Brynjul Jung Tjønn sin roman Lyden av noen som dør (Cappelen Damm 2008). Det er ein roman eg ikkje vil røpe så mykje av handlinga av, fordi det å bli overraska av ho gav meg sjølv ubeskriveleg mykje. Det vil eg de andre som vil lese, skal få moglegheit til og glede av også. Innlegget fortset under biletet.

Men stutt sagt, ei av dei beste bøkene eg har lese i år, utan tvil. Eg vart fengsla til teksten, klarte knapt nok å ta meg pausar frå boka for å vitje toalettet. Tittelen, som gjentek seg ein del gonger i boka, fekk meg til å tenkje på då farmor mi døde. Ho var på gamle- og sjukeheimen og eg var ikkje der då ho sovna inn i 1998, men vi vert fortald at ho pusta ut to gonger. Eg har prøvd å høyre den lyden, hendar utpust, i hovudet. No greidde eg det.
Clemence sin mor er død. Han og faren skal støvsuge huset, men kjem ikkje i gang, sirener kjem utanfor husveggane. Sirene ular og dei vekkjer meg. Eg ser blå lys overalt, samstundes som blå himmel. Eg opplev eit dobbeltspel inni meg sjølv mens eg les: mellom det trygge og det skumle, friskt og sjukt, det gode og det vonde, livet og døden.
Lyden av noen som dør tar meg nær. Boka syner oss det uverkelege og fælslege som ikkje burde skje, men som likevel kan skje kor som helst! Boka skremmer, men gjer meg også ei erkjenning at sjølv i fælslege gjerningar kan det liggje usikkerhet og godheit i menneska som gjer nettopp det gale også. Og, det er jo både tryggande men også skremmande – for om vanlege menneske skader andre, kan kven som helst skade kvarandre, oss?
Terningkast 6. Må lesast!
PS: Ei anna bok av same forfattar, som eg har lese, Alt det lyse og alt det mørke, kan du lese om her.