bokanmeldse

Langsam lukkartid 

Eg har lese Mette Karlsvik sin roman Mørkerom (Samlaget 2017). I 2006 trur eg det var, at eg las Vindauga i matsalen vendar mot fjorden, som var ei bok som sette seg i meg, og har blitt verande i kroppen min – som òg er ete-forstyrra, som er tematikken i ho. 

Mørkerom handlar om noko anna, men også noe som eg har kjennskap til. Både sjukdom som drep og fotografering skildrast – med stor innleving. Mørkerom er eit fortellande portrett om ein far som får kreft, der eg-personen går inn i mørkerommet saman med faren sin gjennom oppvekst og vidare, på veg inn i si eiga kunst. 

Det er bileter av tida før eg-personen kom til verda, om vegen frå celle til menneske. Vi får eit djupdykk ned i detaljar rundt når eit menneske dannast i mors mage, og fargerike skildringar av minne og bileter som framkallast att i svart/kvitt. Vi får forståing av val av blendar og lukkartid, langsamt og nøye beskrive, og kva teknikken, vala som tas, tyder for biletet – og for minna. Det er også ultralydbileter, og det er røntgenbileter. Det er skuggar som tek liv. 

Karlsvik har ein unik skrivestil. Eg vil gi ho tjue i stil, om dette er hopp. Og det tenkjer eg, at dette tilværet kan kjennest litt ut som, som å stå på stupet. Men eg lyser opp som lyskastar og vert ein sportsreporters største blits. Eg blir opphøgd sjølv, samstundes kjenner eg meg tynn, som på tynn is, for eg veit ikkje helt korleis eg skal fare frem meg til menneske som opplev sjukdom på næraste hald, om det ikkje kan få vere meg sjølv, at eg er den sjuke, at det er eg som forsvinn. 

Men eg kjenner meg også trygg og takknemleg for at eg får vere med inn i livet til ho (eg-personen) med ein sjuk far. Ho som lærde av han å fotografere, og som skaper nye bileter. Og livet går vidare, kunst blir skapt. Eg tenkjer, bileter og bokstaver kan vare evig, vi kan ta vare på dei slik ein håper ein klarte ta vare på dei ein var glad i. 

Men, dette var kanskje eit sidespor,
 dette med mi oppleving av dette saktelevde, langsame og særskild godt skrivne portrettet. Romanen er ein punktroman der mange små tekstar er sette saman til ein roman, og kvar tekst kan lesast for seg sjølv, eigentleg, men eg er lukkeleg for at Karlsvik brukar heile 220 sider på historia og gir meg tidEg nyter mellom permane, har ikkje noko tog å rekke, for det er dette som er livet. Eg er med på både gode og tyngre sider, med tanke på tema altså – og ALLE er godt skrivne. Ei nyskapande minnebok for meg. Terningkast fem pluss. 

En kommentar om “Langsam lukkartid 

  1. Tilbaketråkk: Boom

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s