bokanmeldse

Boom

Når eg skriv, kan det for meg kjennast som eg syng og fotograferer på ein gong (er det ikkje fint, sart, sterkt?) Eg har nett no lese ein forfattar att som eg liksom finn dette i meg igjen i hos. Ho framkallar bilete til: ord, poesi og musikk. Boka eg akkurat har lese er Bli Björk av Mette Karlsvik (Samlaget 2011), ein roman eg fekk då ho helt foredrag i Oslo i slutten av mars for ei gruppe studentar, vi var ti i talet. Eg vil i denne omtala mi også komme med eit generelt lesetips, men fyrst litt om akkurat denne boka – som også var eit slags gjennombrot for Karlsvik. 

Romanen er ei familiehistorie og eit popportrett. Location: Island. Karskvik har skildra popfenomenet Björk gjennom to deler som leier fram til popikonet. Vi følgjer fyrst elektrikaren og fagforeiningsmannen Gudmundur Gunnarsson frå han er ti år gammal i 1957. Han er far til Björk som vi i del to av boka følgjer fram til hennar store, internasjonale gjennombrot som artist med bandet Sugarcubes i 1990. Romanen syner samtidig landskapsbilete og nærbilete av landet Island. Små hendingar blir fletta inn i dei store internasjonale, veva saman, ein biletvev. 

Språket er lada av den islandske naturen, og kjærleik. Forhaldet mellom mora og faren til Björk syner at kjærleik kan finnast sjølv om ein ikkje veljar å leve heile livet til saman som mann og kone. Portretta er nære utan å vere avslørande eller gå over den intime sfære. Ho stadfestar med naturen, sett personane i eitt med miljøet dei veks og lev i. 

Boka er ein romanbiografi. Boka skil seg ut frå anna eg har lese med eit konkret grep: Ho er skriven i du-person i stadet for til dømes tredjeperson. Somme tider skvett eg når det står du, snakkar forfattaren til meg? Nei, ho snakkar til Gudmundur fyrst, så Björk. Blir eg Björk? Eg blir i det minste tatt rett inn i boka, eg blir med i historia, ser for meg korleis det er å leve på Island, korleis det er å bli råka av vulkanutbrot og drøymer òg sjølv om å vere eit stjerneskot i gjennombrot. 

Setningane er særskild poetiske, og romanen blir søt musikk med seriøse undertonar. Bilete dansar framfor meg som i ein musikal. Eg vil lære meg å syngje, men nøyer meg med å nyte musikken over disse omtrent 450 sidene, vere tilskodar og publikum, klappe med hendene. Er dette ein godt bevart konsert? Eg vil gi boka ein sterk femmar på terningen, og til slutt kjem mitt lesetips for notida: Høyr musikk medan du les! Det gir fylde og flyt, på ein gong. Når eg les romanar, ser eg ofte det står nemnt songar i teksten. Dei kan eg søkje opp (eg bruker Spotify der eg finn det meste, andre gode stader er Apple Music, Itunes, YouTube) og dermed få med meg ein ekstra dimensjon i leseopplevinga, som forfattaren eller persongalleriet har referansar og tilknyting til. Då eg las denne boka, hadde eg Björk på øyret heile vegen, med spelelista med «dette er Björk». Boka blei også ein musikalsk reise. 

Anna eg har lese av Karlsvik: Vindauga i matsalen vender mot fjorden (skal snart lese ho på nytt, då skriv eg ei omtale), Mørkerom, Surtsey.

Legg igjen en kommentar