bokanmeldse

Botnen kjem, til overflata

Då eg hadde lese Mørkerom av Mette Karlsvik, byrja eg rett på hennar nyaste roman, Surtsey (Samlaget 2022). Ei unik bok, eg vil hugse på, og difor er det også ei glede å skrive om ho i dag – både for at eg skal ha eit dokument å sjå tilbake på og for at andre kan få oppdage boka. Eg var heldig og få høyre foredrag med forfattaren no i mars, og det inspirerte både til meir lesing og eiga skriving.

«Surtsey handlar om forskyvingar i natur og menneske og om kontinentaldrift og famlande kjensler,» står det skrive på omslaget. Eg gjekk inn i boka med opne armar og omfamna langsamt personane i romanen.

Det er Soley og Vidar, to ungdommar på øya Heimaey der dei feirar jonsok på tollbua, som seglar ut på havet i ein båt dei finn i hamna, etter å ha komme i snakk med kvarandre. Dei ville ikkje vere på festen meir, men kor lurt det er å segle ut vil syne seg, med blanda kjensler.

Det kan kjennest rart å vere på havet, det store, opne med sjøens rørsler og lyder. Det er også rart å vere to i same båt. Når naturkreftane slepper seg ut, vulkanen gjer utbrot, kan dei ikkje gøyme seg for kvarandre. Dei finn saman, blir nære som om dei var nære, med det første av vulkanutbrotta som skaper den nye øya Surtsey.

Er det deira siste natt? Kva ber dei på inni seg, kva er dei mest redd for? Vi får eit innblikk i to unge menneskesinn, og historia deira – særskild Soley sin bakgrunn frå Danmark og om tapet av mor, kjem til overflata.

Eg blir med på heile havsreisa.
Når boka sluttar, har eg kjensla av å verkeleg ha vore med på både ei naturoppleving utan om det vanlege og å ha fått venner. Eg har aldri kjent meg heime blant ungdom, heller ikkje då eg var ungdom, men no – no forstår eg betre. Som om det har tatt tid for meg å vokse meg opp til å forstå slike kjensler som ungdommar har – i seg sjølv, om seg sjølv, til moglege kjærastar og familien sin, der dei vil finne si eiga form.

Språket er poetisk. Språket er levande. Språket har bileter eg nesten ser som film framfor auga mine, ein dokumentar på Discovery? Berre meir kjensleladd, som epos. Det er innslag frå islandsk språk og eg elska å lese bandeordet «Helveti!», det fikk liksom ein anna tvist på eit anna språk. Ein setning som eg også la særskild merke til og som tala til meg, finn du på side 47:
«Kva kjem no? Vinden blir flau, før han stilnar heilt.»

Eg fyllar meg opp igjen, bles meg opp til ein autoritet i mi eiga lesing, for meir leseglede. I lesinga lærer eg samstundes med å få underhaldning og spenning i kvardagen, om ulike menneske, liva deira og kjenslene dei har innabords. Eg brukte litt tid på å komme heilt inn i handlinga, og då eg fyrst gjorde det, var eg fanga. Frå å byrje på kanskje terningkast fire der eg sjølv manglar litt omgrep om naturen det handlar om, tek boka meg med og høgt opp. Eg endar med seks prikkar på terningen, ved romanslutt.

Eg gler meg til fleire litteraturreiser i Karlsviks forfattarskap.

En kommentar om “Botnen kjem, til overflata

  1. Tilbaketråkk: Boom

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s