Eg har lese ei bok av danske Olga Ravn, som eg i fjor, like før jul, les romanen Dei tilsette av. Celestine var hennar fyrste roman, og ho vart tildelt Michael Strunge-prisen for han. Boka kom ut i dansk utgåve i 2015, og denne utgåva er ei omsetning frå dansk til norsk (nynorsk) ved Inger Bråtveit (Samlaget 2017).


Celestine er løyndomsfull roman, vil eg seie (eller skrive), fortetta i innhald og form, store kjensler og to slags historier, pakka ned i eitt lite format. Boka tek for seg ei ung lærarinne som flytter til bygda for å undervise på ein internatskule. Tidlegare var kostskulen eit slott, og det rullerar ei historie om spøkelset Celestine som skal ha vorte mura inne i veggane då ho var ungdom. Lærarinna blir besett av historia og byrjar vandre rundt som Celestine sjølv nattestid, i korridorane på skulen, iført ein lang kvit kjole med volangar.
Celestine har med seg kjærasten Kim til bygda, men forholdet haltar. Ho har også med seg barndommen sin, som ho ikkje veit korleis ho skal bere, ho er enda 16 og skilsmissebarn, sjølv om ho er voksen no, i realiteten. Stesyskena har ho ingen kontakt med, dei er ikkje vennar på Facebook ein gong. Ho er heimsøkt av spøkelsa frå fortida si, medan ho vandrar rundt i natta, der skuleelevane bur. Kanskje ho mest av alt skremmer seg sjølv.
Det er ein roman som bit frå seg og som eg bit meg merke i. Ravn evnar på eit poetisk vis å balansere det alvorlege med andre aspekt. Fiksjon med spøkelse som ikkje finns, blir ei bru , mellom himmel og jord kanskje, der ein freistar leve med røyndas vanskar. Ho får også sett fokus på til dømes angst og eteforstyrringar. Ravn er både rå og humørfylt i sjongleringa og samspellet med innhald og språkdrakt. Eg dansar med i den kvite kjolen og nyter bileta Ravn skriv fram, som å kysse ein sitron. Bittersøt kjærleik til både livet og døden. Terningkast sterk femmar.
En kommentar om “Spøk(else) og alvor ”