Eg har lese Olga Ravn sin nyaste roman, Arbeidet mitt (Samlaget 2022). Han er omsett til nynorsk frå dansk av Inger Bråtveit. Eg har tidlegare skrive om bøkene Dei tilsette og Celestine, som eg likte å lese og som gav meg meirsmak, bøker som fekk meg i gong med denne tjukkare boka. Ravn fekk Politikens litteraturpris i 2020 for ho.
Arbeidet mitt tek utgangspunkt i det å verte mor, den radikale endringa det kan vere. Forfattaren Anne er i sjokk etter å ha fødd det fyrste barnet sitt. Noko av det som overraskar ho, får eg kjensla av, er at ho har ein heilt anna rolle enn mannen. Dei fell inn i klassiske kjønnsroller. Det er berre ho som er mor.
Og som mor, er det ein del ting ein ikkje «kan». Som å skrive. Ein skal verne barnet, ikkje skrive om det, utlevere. Anna dveler ved arbeidet sitt, og slit med korleis gjere det, skrive det. Dei reiser til eit feriehus i utlandet der ho skriv to timer om dagen. Men når er det dags, og klart, for ein ny bok? Eller eit nytt barn? Mannen seier noko om at ho blei øydelagt sist, spør om ho trur dei vil bli skilde om ho igjen blir gravid. Anna seier at det seier statistikken.
Lever kvinner som får barn mot oddsa, om å gjere det bra, om dei ikkje synst augeblinken barnet kjem er det lukkelegaste som nokon gong har treft dem? I boka møter vi Anna også i hennar møter med psykiatrien.
Boka er skrive litt forvirrande, i perspektiv/forteljarvinkel. Nokre gongar møter vi Anna, andre gongar er det som om ein anna skriv boka for henne. Ho hoppar òg i tid, fram og tilbake. Det er sjangersprang, vi får lange dikt over fleire sider, personlege brev og sider med skodespel-replikkar, eit drama. Disse elementa gjer til saman boka til eit særs levande dokument.
Eg levde med. Det tok riktig nok litt tid, før eg var med på notane, fann rytmen. Men då eg var litt over halvvegs i boka, storkosa eg meg med den litt ville, vågande, viltre skrifta.
Å lese denne boka blei mitt arbeid nokre dagar i sommarferien min. Eg fekk reflektere over mi eiga rolle, som ikkje-mor, og å ved retten og plikta rundt å skrive, vere forfattar. Eg var nok på ein firer i byrjinga, også kanskje fordi temaet med barnefødsel ikkje er så lett for meg å sette meg inn i, men etterkvart fann eg boka morosam og relevant, og eg vippar opp mot femmaren.
