Eg undrast, kva har eg lese no? Dei tilsette er ei verkeleg annleis bok. Ho er skriven av Olga Ravn og omsett frå dansk til nynorsk ved Inger Bråtveit (Samlaget 2021). Det står bakpå boka at ho er ein scienfictionroman. Det er eg einig i. Boka rommar framtida slik vi førebels ikkje kjenner ho. Boka opnar for ei verd der menneske og kunstige menneske lever saman.
Besetninga på det sekstusende skipet har tilsette som er menneske og tilsette som er menneskeliknande. Skipet får ei rekkje gjenstandar om bord, frå planeten Nyoppdaginga. Nokre av dei tilsette knyter sterke band til desse, kjærteiknar tinga. Skilnaden mellom dei sjølv og omgivnadene kan verke utviska. Eg stemmer med, og nikkar. Ting gjer at eg kjenner tilhøyrsel. Til andre menneske og til verda. Symbola er sterkare enn røyndomen for seg sjølv. Eg ser detaljar tydelegare enn heilskapen.
Eg likte nokre setningar spesielt godt. Eg vil dele nokre av dei, som eg las på side 120:
«Eg trur på framtida. Eg trur på at ein skal førestellingar seg ei framtid og leva i henne. Eg trur på ufattelige mengder av næring.»
Boka stiller fundamentale spørsmål om menneskets vilkår i ei digital verd og er blant anna om kunstig intelligens, korleis dei ekte menneska kan leve med «robotar», om bioteknologi, kva det vil seie å vere menneske, om menneskeverd og arbeidsvilkår for alle… Eg undrast, kva ville Jonas Gahr Støre i Arbeiderpartiet sagt om situasjonen for dei tilsette arbeidstakarane på det sekstusende skipet? Det vil eg drøyme om! Boka opnar for fantasi og eige tenking. Eg tenkjer, tankane mine får du aldri, jamfør ei bok av Sverre Asmervik eg las i min ungdom om blant anna prostitusjon, men kanskje vil eg dele tankane mine ut no for tida, saman med opplevinga av god litteratur som vekkjer meg opp til å ta del i det skrivande, litterære og samtidsopptatte samfunnet. Terningkast fem frå meg til Dei tilsette av Olga Ravn.

2 kommentarer om “Dei tilsette sette meg i tenkjeboksen”