Eg har lese Nynorsk for dumskallar av Kristin Fridtun (Samlaget 2021). Det er ei skikkeleg smart handbok for oss som vil lære å skrive nynorsk betre.
Boka er sjølvsagt ikkje for dummingar. Men ho har ei tilnærming som gjer at ein kan ha nytte av boka utan å meistre alt frå før av.
Det er ei bok å lære eit anna skriftspråk med. Derfor held det heller ikkje å lese ho ein gong, om ein vil bli ein god skribent på målføret. Men å lese boka, var både ein introduksjon til målforma, opphavet med dertil leseverdig historie, og eit oppslagsverk til korleis å skrive sjølv.
Grammatikken er godt forklart. Ein må repetere reglane om dei skal sitje, men boka kan òg fungere som eit oppslagsverk. Når eg er usikker, kan eg slå opp i ho litt som i ei ordbok, på til dømes korleis bøye verb. Samstundes gav boka meg ei betre forståing av systemet i bøyinga, så eg slipp å slå opp så ofte i ordboka for å vite kva som er rett for til dømes eit e-verb som i stamma si sluttar på ein av konsonantane i ordet FLASKEPOSTAR.
Dette er ei bok eg kjøpte for nokre månader sidan, men har hatt liggande på vent. No skjønar eg ikkje at eg kunne vente! Jo før eg set meg inn i verktøykassa til å nytte språket rett, jo raskare kan eg utvikle også den kreative skrivinga mi og det poetiske språket samt vere meir presis i det eg formidlar. Alt heng i hop, på ein måte. Boka skal liggje framme, så eg kan slå opp i ho når eg undrar på noko. Ho er verd ein seksar, og eg kan også anbefale andre bøker av forfattaren: Norsk etymologisk oppkok og Kunsten å irritera seg over skrivefeil . Helsing Helene
