bokanmeldse

Sakleg, snakkesalig og snedig – om orda sjølv 

Eg har lese noko sakprosa som verkeleg fenga meg, frå perm til perm med iver og lyst las eg, humra eg, noterte eg for meg sjølv nokre poeng eg vi slå i bordet med, om det passar seg, i diskusjon om kvardag eller språk, båe deler like sentralt i liva våre vil eg seie. Det er kult å utdanne seg sjølv litt, og å kunne spreie kunnskap omkring seg.

Boka heiter Norsk etymologisk oppkok (Samlaget 2012) av Kristin Fridtun, og undertittel på boka er: Du veit ikkje kva du snakkar om. Forfattaren har mellom anna skrive Kunsten å irritera seg over skrivefeil (2021) som også engasjerte meg over gjennomsnittet.

Eg les mykje, og mest, skjønnlitterært, men de gongene eg les sak/fag tek eg meg sjølv i å storkose meg med det også. Som om å få fagleg påfyll fyller meg på ein måte som gir pondus eller gjer meg rakare i ryggen, og er vert meir komfortabel når eg diskuterer til dømes autisme (som eg også oppdaterer meg litt om), språk eller litteratur med andre.

Norsk etymologisk oppkok er sakprosa om kvardagsorda, uttrykka, opphavet deira, endringar og språkbruken vår, særskild i dagliglivet. Fridtun har løfta opp vanlege ord og seiemåtar frå hatten, på uvanleg måte syner ho oss dei og eg får mange bileter i hovudet mitt. Ho set fingeren på det merkelege vi seier – utan at vi tenkjer over det, og somme tider veit me ikkje eingong kva vi snakkar om. Veit du?

Boka er delt inn i kapittel med ord frå ulike områder, til dømes ord og uttrykk vi har frå kroppen vår – hovudsakleg og som lett på tå – og frå naturen som helt naturleg og frisk som ein fisk. Vi får eit møte med dei på fleire arenaer.

Boka er lett tilgjengelig i forma si, ho er morosam og høgdepunkta fell tett gjennom sidene. Ho passar for folk flest, og særleg fornløyeleg er ho nok for oss som er opptekne av kva vi seier, les, høyrer og skriv. Ein seksar frå meg, med stjerner i auga mine (du kan sjå eg nærast er starstruck).

Reklame

En kommentar om “Sakleg, snakkesalig og snedig – om orda sjølv 

  1. Tilbaketråkk: Smart choice 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s