bokanmeldse

Brua over

Eg har lese Jon Fosse igjen, ein forfattar eg trur eg aldri får nok av. Han er ein av dei største forfattarane våre, samstundes som han maktar å skrive om dei små liva. Det er skrivekunst og forteljarkunst og ein særskild formidlingsevne. Romanen eg no har hatt mellom hendene, heiter Morgon og kveld og er utgitt på Samlaget i 2000.

Morgon og kveld fortel ein livssyklus, der vi fyrst møter far til Johannes, Olai, som venter på at gamle jordmor Anna skal teke imot sonen, og deretter i del to av boka møter vi Johannes som gammal mann på veg over på den andre sida, altså i aller siste fase.

Boka er ved dei to ytterpunkta i eit liv, fødsel og død. I siste del, der livet ebbar ut, følgjer vi Johannes sine tankar og opplevingar med full styrke, erfaringar som kanskje eigentleg ikkje er verkelege. Her er surrealisme og draum sett saman. Vi får føljer eit menneske i det det går over til ikkje vere eit menneske meir, ein er på veg over til dei døde der ein ikkje lenger har språk.

Språket i boka er levande og musikalsk, til og med eg som ikkje syng i det heile, kjenner liksom at eg syng når eg les denne boka. Og eg dansar! Boka er vakker, som ein salme, og skildringane er stundom kjærlege, som ein vals. I kjend Fosse-stil er romanen skriven med lite teiknsetting og utan bruk av punktum. Dette er ein prosabok med eigenart, karakter og drivkraft. Eg vart bevega og med på draumeferda, som ber det realistiske faktum med seg: Vi skal døy.

Eg gir boka ein sterk femmar idet eg slengjer frå meg terningen og set boka høgt i hylla. Eg set ho ikkje så høgt at eg ikkje når ho, vil lese i ho igjen, nyte dei vonde og trøystande og gode sidene, i ei bok, på eit liv, livets veg… Til slutt vil eg nemne boka Slik var det av Fosse som også sette spor i meg. Ho er ein monolog frå ein annan mann på slutten av livet.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s