bokanmeldse

To be continued 

Eg las i april den fyrste boka i Napoli-kvartetten av Elena Ferrante, den «kjende ukjente forfattaren» frå Italia vi ikkje veit kven er, som har verte eit verkeleg stort namn på lepper i ei rekkje land – og her hos oss på nynorsk. Eg har no lese bok to, Historia om det nye namnet (Samlaget 2015). 

Boka er ein roman om kampane til Elena og Lina i 1960 åra, med å blant anna realisere seg sjølv, før ungdomsopprør og kvinnefrigjering. Ho byrjar der Mi briljante venninne sluttar, med at Lila 16 år giftar seg med kjøpmannen Stefano Carracci. Ekteskapet blei ikkje nokon stor kjærleik, og på ein ferie startar ho et forhald til Nino som er ein gut Elena har vore forelska i òg. Det set venskapet på prøve. I boka skjer ting som gjer at Lila flyktar til fattigdom, reddar seg sjølv, men kva for kjærleik er det her no? Korleis vil det gå vidare, med henne og sonen og alt? Vil venskapet med Elena ta seg opp att? Finnst det vendepunkt, happy endings?

Og Elena, ho har treft ein anna kjærleik, kjenner ho seg elska no? Eg har så mykje eg vil vite om, enno eg har lese nesten 600 sider til i Napoli-kvartetten. Boka vandrar, og eg vil vere med. Eg gler meg til eg tar fatt på bok tre. 

Boka levde og leverte i stor skala, som syna seg mellom anna slik Det pustast og det døs i Napoli. Venskapet som rommar kjærleik og hat får stor plass, skildra frå Elena si side men syner på fleire sider vil eg seie. Eller skrive, rettare sagt, så du kan lese kva eg opplevde også. Det vert lest og studert og strøket og bestått i boka. Hovudpersonen, Eleana, får gi ut si fyrste roman. Eg vert glad, samstundes som eg ser klart no: Det å gi ut ei bok er ikkje alt, og sjølv dei næraste kan velje å ikkje lese ein gong, ikkje verte interesserte. Kva angår menneske kvarandre? (Er eg eigentleg aleine same kor mykje eg skriv ut til andre?)

Boka fortel om beundring og sjalusi, og lengt. Eg stiller meg spørsmål mens eg les vakre skildringar av fine og stygge liv, kjærleik og relasjonar som brestar. Eg får kjenne at Lila og Elena har eit forhald som er sterkt også når det ikkje er oppretthaldt. Har eg som ikkje har eller har hatt eit sånt venskap same slags verdi for nokon? Kan eg leve meg inn i og fatte relasjonar der menneske er så viktige for kvarandre, utan å vere familie? Eg les og får ny erfaring. Eg blir ven! Terningkast fem.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s