Eg har fokus på barnelitteratur innimellom no, og har lese bok sju i serien om Jakob og Neikob av Kari Stai: Jakob og Neikob og tidsmaskinen (Samlaget 2022). Boka mi er eit lesareksemplar frå forlaget. Bokserien er skriven på nynorsk og egnar seg godt som høgtlesing for dei yngste.
Jakob og Neikob og tidsmaskinen handlar om Jakob og Neikob ein lang og travel dag. Dei vil sove, begge to, sjølv om den eine seier ja til alt og den andre nei. Det finns ei semje.
Når dei vaknar, har dei sove bort ti år. Kvar er åra deira? Har dei mista dei? Kan dei kjøpe seg ny? Dei oppsøkjer Somlekob, som har all verdas tid, som sel dei ei berepose med tid. Kan tida verkeleg vere i ei plastpose, eller er Somlekob ein lurendreiar? Kva skjer om tida flyg?
Eg visste frå før at Stai sine bøker om dei to karane er bøker som har treft barna, men eg vart likevel overraske over kor mange morosame og gode poeng boka eg las no har, også i dei språklege bileta og ordspel (og namneleik).
Eg sjølv, trakk på smilebandet. Eg lo. Eg fekk eigne tankar om tid, om å vere barn, om å vere vaksen, kva som skjer på ti år. Detaljer som gullklokke og årringar var med på å gje handlinga rotfeste. Illustrasjonane er tydelege, stilistiske men personlege og levande, gjennomførte, klassiske og moderne på ein og same tid og bokserien berer med det eit preg av heilskap. Han har også fått klassikarstempel. Denne sjuande boka set punktum for bøkene om dei to motsetnadsfyltebestevennene, men heldigvis kan ein lese historiene om att og om att – slik barn likar.
Eg er optimist til notidas barnelitteratur up to date, etter å ha lese om Jakob og Neikob. Boka om tidsmaskinen får ein seksar frå meg når eg trillar terningen taktfast, enda eg ikkje er målgruppa som vaksen – eg har berre vore heldig å låne barnas briller eit litt lengre augeblikk, og har reist tilbake i tid – som Jakob og Neikob gjorde. Når eg er i notida att, slik som hender med karakterane i boka òg etter tidsreisene, er det med ei tilfreds kjensle: Eg kjenner meg trygg på at dei små som veks opp i dag vil ha godt lesestoff å vere i og vekse med.

En kommentar om “Tidsoptimist ”