bokanmeldse

Alvorleg applaus 

Eg les litt barne- og ungdomslitteratur for tida, både fordi det er tema på neste skulesamling – til hausten – og fordi det er veldig fint! Eg har nyleg skrive om to biletebøker, Jakob og Neikob og Stripekalven, i dag vil eg fortelje om ein roman for dei største barna – ungdommane. For dei var også Hjertestopper, ein flott teikneserieroman.

Splintra av Hilde Myklebust (Samlaget 2022) er ein fersk, varm og levande bok om ein ven som vert alvorleg sjuk. Mia og vennegjengen hennar er ferdig med tiande klasse. Etterpå, skal nokon av dei reise på hybel for å gå på vidaregåande ein anna stad. Denne siste sommaren vennegjengen på fem er samla saman heile tida, er dei på stranda, speler musikk, vert enno meir samansveisa. Are byrjar å flørte med Mia. 

Sommaren er over.
 Mia og bestevenninna Else flyttar på hybel i Bratteberg. Are vert at der dei kom frå, skal gå skule i nærleiken og kan køyre dit med sin kule motorsykkel, han har akkurat teke lappen. Are er kul, men han angrar på valet sitt. Vil vere med Mia og dei andre. 

Mia og Else får nye venner, dei trivast på musikklinja. Det er song, det er musikk, det er jenter, det er gutar. Mia møter Adil. 

Så vert Are sjuk. Særskilt sjuk. 

Splintra er ei bok 
som trefte meg, på fleire plan i tematikken sin. Det høyrest kanskje litt underleg ut det du no skal få lese. Det syner kor komplekse vi menneske er. Først kjende eg på utanforskap – kva eg som ung gjekk glepp av, eg som ikkje hadde ein slik vennegjeng då eg var til dømes 15. Så vart eg meir takksam, fordi eg fekk innblikk i kva som kan bølgje i ein vennesommar. Etterkvart, og plutseleg, innrømma eg også for meg sjølv – eg har sloppe sorger ved å stå nær og kanskje miste ein venn som er fanga i sjukdom. 

Språket er veldig godt synst eg. Eg kjenner inni meg når personane i romanen ikkje vil snakke. Det er bruk av SMS-ar, det er litt bruk av engelsk. Sånt som er vanleg for målgruppa. Språket syng, og eg klappar. For dei fem vennane, og dei nye som kjem til i Bratteberg. Eg vert med på flysselasset og kryssar fingrane for at livet går vidare. På godt og vondt, det er sånn livet må vere. Femmar på terningen. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s