Eg har lese Marit Kaldhol si barnebok Stripekalven (Cappelen Damm 2008), illustrert av polske Justyna Nyka. Det er ei bildebok for barn skriven på nynorsk. .
Barnelitteraturen lærer meg noko om livet, med si evne til å sjå på verda med eit anna blikk. Eg fekk sjå: Livet trenger ikkje vere superfint eller veldig trist, det kan vere både veldig fint og litt trist. Det kan vere solskinn og glitrande regn. Det er vi vaksne som trur ting er enten sånn eller sånn, trur eg. Barneboka er full av alle slags fargar, kvite sko og svarte striper. No skal du få sjå:
Stripekalven byrjar med at mor er borte. Ho har reist til byen for å kjøpe sko. Kalven leitar, men finn ikkje mor. Åleine går kalven inn i skoen. Han vert fortapt, og møter farar. Dori kjem og hjelper han ut av knipa, og grepet til svartaste Nekut som ligg over han. Dori har grå pels, men etter heltedåden tek ho han av og er ei kvinne. Vi ser dei nakne brysta og eg kvapp litt!
Dori vil verte mor til kalven. Kalven har allereie kua til mor, så han vil ikkje. Men han vil ha Dori til venn, og ho vil ha kalven til kalv.
Dei to vennene går til byen saman. Dei finn mor til kalven der etter lang tid. Ho sit med ein ny kalv på kafé, som et iskrem! Mor ser ikkje stripekalven. Som vaksen, veit eg at til dømes elgkua jagar den førre kalven når han er omtrent eit år, for å lage plass til ein ny.
Det er kanskje trist, men det er naturens gong. Og denne gongen, har kalven ein venn å gå heim til det store grøne graset med. Eg vaks i hjartet av denne boka, med von for framtida og takknemlegheit for barndommen som ein gong har vore. Terningkast seks.

En kommentar om “Livets grønaste sider”