Eg har lese Innsirkling av Carl Frode Tiller (Aschehoug 2007). Boka er første bind i ein trilogi – og det frydar meg at det er meir å lese. Eg har lese andre verk av Tiller før, sist romanen Flukt. Tiller er ein forfattar eg set høgt og set veldig pris på å lese. Han skriv godt og levande, både om liv, liding og død. Målforma er nynorsk.
David, har mista hukommelsen. I ein avisannonse oppfordrast dei som kjenner han til å fortelje han kven han var via kontakt på brev. To venner frå ungdomstida – ein kamerat han har hatt litt seksualt med og ei venninne som var kjæraste med han ei tid i tillegg – og Davids stefar, svarar på annonsen. Handlinga, utanom breva, er frå tida no, med det karakterane balar med i kvardagen sin.
Vi blir berre kjent med David gjennom disse andre sine forteljingar, dei tre, likevel får eg eit bredt bilete føre meg. Og det at det kanskje spriker litt, får meg til å kjenne at han er ein person verdt å kjenne, og som må komme til seg sjølv så han kan få seie si side. Men noko eks-kjærasten skriv, gjer meg nyfiken og sjokka på ein gong – med slutten hennar. Den vil eg ikkje røpe, les og bli revet med du og.
Bilete eg får av David er både svart og dystert, og fargerikt som ein regnboge blanda saman måla ut som eit maleri. Fortida og episodane som rullast opp, utspeler seg i Namsos-traktene på 1980-tallet. Det blir difor også ein oppvekstroman og ein beskriving av ein del av landet vårt i den samtida.
Terningkast sterkaste femmaren. Eg ser fram til å lese dei andre bøkene i trilogien, men eg vil vente litt, slik eg brukar å gjere når eg les trilogiar, slik at bokverket får tid til å sette seg i meg og eg kan leve med deg ei stund. Det er godt å leve.

En kommentar om “Livets sirklar”