Eg har no lese bok nummer to i trilogien om David som sette inn annonse i avisa for å få vite kven han var etter å ha mista hukommelsen, Innsirkling 2 av Carl Frode Tiller (Aschehoug 2010).
Medan eg las, fortalde eg ei eg går forfattarskulen med at eg les Carl Frode Tiller, og at eg likar godt bøkene hans. Ho spurde kva han mest skriv om. Det som slo meg då eg skulle svare, var heilt konsist og mest stort: Menneske!
Carl Frode Tiller lærar meg om følelsar og relasjonar, alt det eit menneske er innanfor kroppane våre. Det gjer meg godt å lese, også fordi eg får nokre aha-opplevingar: «Er det sånn menneske kan tenke? Aha, er det derfor dei seier sånn eller sånn.» Det forvirrande og u-uttalte i og mellom menneske får ord av Carl Frode Tillar. Eg får innpass i ei menneskeleg verd eg kan kjenne meg utanfor i til vanleg.
I bok nummer to i trilogien, er det tre andre stemmar som skriv brev til David enn dei tre som var i bok nummer ein, Innsirkling 1. Vi vert vidare og meir kjende med David, og også med andre menneske ikring han og korleis livet har fare med deg.
Det er mange overraskingar, som eg ikkje vil røpe sidan eg vil la andre også få glede av å oppleve alt dette sjølv, når dei les. Men eg vart overraske og eg kjende nesten at eg fekk små overraskingspresangar med ny informasjon om David, kven han er og kven han ikkje er. Historia sirklar seg fram, eg ser meir ein sirkel og auga mine går trill rundt og stansar ganske store.
Eg har for vane når eg les trilogiar å vente litt før eg kastar meg ut i neste bok, les noko anna i mellom, så historia varar lengre, men eg må seie eg undrar fælt på fortsettinga. Terningkast 5.
