bokanmeldse

Gjestelesar 

Då eg var på samling med Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring i helga som var, fekk vi alle saman den siste boka til Agnes Ravatn. Eg har tidlegare lese Fugletribunalet av henne, og sette kjapt i gang – og det blei ein rein, liten lesefest som nachspiel på/etter skriveskuledagar. Gjestene heiter boka, kom ut på Samlaget no i haust, 2022. 

I boka møter vi Karin og Kai som får låne ei særskilt påkosta arkitektteikna hytte ved Oslofjorden. Dei fekk låne ho av ein rival frå ungdomstida til Karin. Ho er framleis misunneleg på henne, og når ho treff på ein hyttenabo som ikkje trur ho har råd til å eige ei hytta i området, byrjar skodespelet. Ho og Kai let som dei er nokon andre enn dei er, med eit heilt anna budsjett. Men kven er eigentleg rikast? 

Det er ein velskriven, morosam roman full av forviklingar det kan verte vanskeleg å vikle seg ut av. Eg blir fluge på veggen, eller ein ekte gjestelesar kanskje. Eg føler eg får vere med inn i varmen og ut i kulda. Det trekkar lett og varmar både mjukt og brennheitt. Er ferieparadis himmel, er kan ein likevel oppleve eit aldri så lite helvete? 

Det er ei veldig menneskeleg bok. Eg kjem under huda til dei ulike karakterane. Naboane som er forfattarar, med meir eller mindre skrivesperre og ei sjuk dotter. Karin si frykt for at Kai er utru. Ei utroleg finstemt og fleirstemt bok på ein gong. Full femmar frå meg. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s