bokanmeldse

Musikk i øyrene 

Eg har lese Frode Gryttens roman Bikubesong (Samlaget 2004). Eg hadde boka klar til å lesast og då eg høyrde podcast-episoden med han i Poesidigg fekk eg veldig lyst til å byrje på boka. Ho er ein roman med novellistisk preg. Kvart kapittel er nærast ei novelle.

Romanen har blitt sett på som ein kollektivroman. Den skildrar eitt år i Murboligen som er ein arbeidarbustad i Odda. «Honninga» i denne bikuben av ei bok er ikkje berre søt. I og ikring Murboligen bur kjærleik og utruskap. Politikk og bedrag. Løyndommar og von. Ein klovne-sjonglør og Ola Nordmann sjølv!

Fleire historier sette spor i meg, mellom anna dei i kapitla Prinsessa av BurundiKamerat måne og Jetlag. Alle desse syner menneske som ikkje passar heilt inn, og som skapar seg om. I sistnemte er det ei mor som seier ho har kreft, og når ho er i behandling er ho eigentleg på tilfeldige hotell og shoppar – sympati, medkjensle, trøyst? Det handlar – kjenner eg – om å høyre til, det handlar om plassen sin i verda. 

Eg finn litt min plass når eg les; eg passar godt til å vere observatør. Eg sit her og kjenner meg rik på alle menneska, eg er rik i sinnet. Samstundes får eg sjå samen med det lukkelege det ulukkelege som vi kanskje gøymer, gløymer at andre kan slite med. No vil eg ut og sjå menneska, sjå så godt eg kan. Det kan vere ein viktig sjølv om tidvis vanskeleg jobb. 

Det er noko med Gryttens måte å skrive på, som eg tenkjer ofte på. Det er musikken! Det er nesten som å høyre musikk å lese mykje av det han skriv. Han brukar mange referansar til musikk også. Eg høyrde podcast-episode frå Litteraturhuset med Olaug og Aubert, om musikk i litteraturen, og det eg tenkte medan eg høyrde, var sjølvaste Grytten og at i hans bøker synst eg det funkar. Eit godt døme på ei anna av bøkene hans med mange musikalske titlar i, er Popsongar – novellesamling frå 2001. 

Bikubesong er ein annleis roman som stikk seg ut i menga. Han hadde eg stor glede av å lese. Han var inspirerande og han gav meg menneskeinnsikt saman med å vere skriven på ein måte som skapte lyst i meg til å skrive og skape – forandringar? Terningkast 5. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s