bokanmeldse

Lovar godt 

Eg har lese årets novelleantologi med nyskrivne tekstar som heiter Slutten på historia Nye nynorskenoveller (Samlaget 2022). Boka er eit lesareksemplar frå forlaget. Forfattarane som har skrive novellene er: Frode Grytten, Mads Rage, Mette Karlsvik, Therese Bakkevoll, Endre Tveit, Siv Østrem Peersen, Gaute M. Sortland, Kjersti Rogemoen og Siri Økland. Mange av dei har eg lese forfattarskap av tidlegare, og nokon var nye opplevingar for meg.

Eg kosa meg. Eg las. Eg smilte. Eg kjente meg att i noko. Eg las vidare. Novellene er nyskrivne og aktuelle, både i tid og tema. Dei handlar om livet no, samstundes som dei rører ved noko fram i tid, nokre av dei. Novellene er tekstar eg tenkjer vil stå seg – som spor i vår tid, spor som peiker framover. Eg har von om at litteratur kan vise veg.

Eg byrja på byrjinga, med Frode Grytten si novelle som har same tittel som heile samlinga – Slutten på historia. Teksten leiker med litteraturen, korleis han produserast og redigerast, samtidig som den rokkar ved det eg er vand med er norma omkring menneskelege forhald på arbeidsplassar.

Eg tenkjer litt på novelleantologien eg las som fall under sci-fi-sjangeren – En strek gjennom tyngdekraften – og kjenner ein slags parallell. I samlinga eg no har lese, er også ei novelle der romferd er med inkludert: Transit Bajkonur (Therese Bakkevoll).

Eg las om porselensfuglane (Mads Rage), om å stele når man ramlar. Eg stel ikkje akkurat, men eg kan kjenne igjen å klamre meg til fysiske ting: å gripe fatt og ønskje meg meir enn eg treng når eg føler meg på kanten av meg sjølv. Novella fekk meg til å flyge, i flokk! Eg er ikkje einsam.

Eg las om slektsgransking på gravplassen. Eg las om å gløyme namn. Eg las om å flyge F16. Eg las om å sakne ein kjærast. Eg las om fuglar. Eg las om eit steinras, eg las om å mangle kontroll. Eg las om krøllete hundar. Eg logra.

Slutten på historia er tredje utgåve av denne årlege novelleantologien. På baksida av boka står det: «Dei nyskrivne novellene er prega av underliggjande uro, impulsar ein ikkje rår over, minne som sviv og noko gåtefullt som skurrar i det ytre eller det indre». Boka levde opp til lovnaden og lovar vidare godt for framtida til norsk litteratur tenkjer eg. Novellene har sterke stemmer og presise pennar.

Novellene er ikkje berre noko å lese seg gjennom og kose seg med her og no, men er tekstar som sette seg litt i meg, fekk meg til å reflektere over livet og til å ønskje å fortsette med skriving av også noveller og andre korte, skjønnlitterære tekstar sjølv. På terningen: Sterk femmar frå meg.

PS Her kan du lese kva eg syntest om dei to føregåande utgåvene: Ingenmannsland (2020) og Alle ting vert nye (2021).

Fotografiane på omslaget av bøkene i antologien er av kunstfotograf Erle M. Kyllingmark. Teknikken Kyllingmark brukar, er analog og møter det moderne, vert kunst i tida. 
Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s