Eg fekk ei gåve frå venninna mi då eg låg på sjukehuset, som eg las i senga. Det var ei varm leseoppleving som sette seg i hjartet. Heldigvis gav ho ikkje hjertestans men mot til å ønskje å hjelpe dei alle som strevar. Boka, som også var vinnaren av P2 lyttaranes pris, heiter Kvar dag skal vi vere så modige, er skriven av Brynjulf Jung Tjønn, ein forfattar eg har litt kjennskap til frå lesing og skulesamanheng dette året og er no ei bok eg vil anbefale vidare. Ho kom ut i 2021, hos Cappelen Damm.
Romanen handlar om Isak. Isak som må gå ut av huset så mora får kvile. Isak som må vere heime frå skulen om mora seier ho treng hjelp. Mora som enten skyv han bort, eller held han fast. Og så skyv han bort att. Isak som ikkje veit kva anna å gjere, enn å gøyme seg når «Jahovas vitne» ringjer på døra og å gjere alt han kan for at mora skal halde ut.
Isak har ein venn på skulen, som aldri har vore med han heim. Han kan ikkje forstyrre mora, lage bråk, eller vise fram heimen sin. Mora treng kvile. Isak kan heller ikkje forklare Yardan kvifor han skulker skulen. Å ikkje få vite noko, kan også vere vanskeleg dor ein venn.
På nabogarden, møter Isak ein mann som flytta dit for eit år sida. Han gir Isak tyggis og kjeks og luktar på håret hans. Vennskapet deira er taust. Kjærasten hans, ei dame med lyst mjukt hår, har lys stemme og dansar. Ho kjem og går, men når ho er der virker det lysare. Ein gong, får han vere barnet deira om natta og ete frukost i lag med dei.
Boka er om dei som har det vanskeleg. Boka er om dei vi i det daglege overser. Om alt vi lukkar augo att for, eller berre helt enkelt lar skure og gå. Det går seg vel til? Og boka er om å gå inn i ein annen familie, la samfunnet gripe inn, ei bok om dei som plutseleg bryr seg. Kvar dag skal vi vere så modige er for meg også ei bok om heltemot, ei bok om å kjempe, ei bok om kampen for livet og livets kvardagsheltar.
Språket har gode bilete, og språket er eit språk også for det vi i det daglege ikkje har ord lett tilgjengeleg for. Ord for noko som manglar, som det gjer (noko manglar) når det er snakk om omsorgssvikt. Boka virker aldri patetisk, berre gjennomgripande gripande.
Eg håpar boka vil gi fleire mot til å opne augo, sjå, ta til målet. Ikkje berre seie frå til myndigheter, men når det er gjort i tillegg vere medmenneske, møtast i livet til kvarandre. Isak får gode opplevingar når han vert tatt med på bading og grilling, som om han høyrer til ein familie, til dømes. Ein livsviktig roman eg kunne ønskje ikkje var nødvendig. Terningkast seks.

2 kommentarer om “Heltemot”