bokanmeldse

gjennom fødsel, fengsel og museum

Carl Frode Tiller har skrive skodespel og romanar eg har opplevd som banebrytande, til dømes romanane Begynnelser (2017) og Flukt (2021). Nå bryt han seg fram på anna landområde. Det framande landet (Aschehoug 2022, lesareksemplar frå forlaget) er forfattarens første diktsamling, og han har klassifisert samlinga som eit langdikt. Det framande landet skriv seg langt ned sjela mi, snor seg som ein korketrekkar, sett seg ned med meg og trekk meg vidare i alle retningar i tankane. Eg får draumar og mental reiselyst, eg er ein snurrebass. Munnen min smiler. Nå skal fingrane mine fortelje dei litt om bokopplevinga, og tema og innhald i den ytre sett kvadratiske boka.

«hysj
hør når eg snakkar til deg.
(…)
eg er bohemen og sjåaren i bygda
auga mine er dronar inn i det framande landet og alt eg vil dele med deg
så hysj, hør meg i tausheit (…)
»

Sånn vert vi kjent med eg-personen i diktsamlinga før han tar oss med på tur i den rustne Amazonen sin.

Det er auge i skrift, som ser. Både utanpå og innover. Orda lager ikkje berre vers, men eit univers. Og det universet, er eit eg, du og vi lev i. Med oppvekst, generasjonar, familieband, problem, klimautfordringar, samvit eller manglande samvit som får søkjelys, og så blir det ømt og raudt. Eg ser fargar medan eg les, enno bokstavane er svarte og forhaldsvis små.

Dikta er om Gud og kvarmann, alt mellom himmel og jord. Orda dannar noko storarta og eventyrleg. Likevel får eg ei kraftig, jordfesta kjensle av at dette er sant. At dette har vi. Dette kan vi ikkje leve med og dette kan vi leve med. Livet vårt. Vi må kanskje endre det litt, skrive om historia – og det er greitt.

Dikta er djevelsk godt skrive. Dei er skarpe, presise, morosame og treff meg både brutalt og godhjarta. Historia malar meg som eit lerret og boka er eit kunstverk. Eg vil lese meg heilt opp og henge meg over tv-en. Orda seier meg meir enn nyhendingane! Eg tenkjer: «Dette er notida. Dette er framtida.» Eg trur på diktsamlinga. Terningkast mellom femmaren og seksaren ein stad; ein stad å høyre til.

«(…)
igjen ser eg dyra og plantane og fuglane komme tilbake
sakte men sikkert
slik familiemedlemmer kjem tilbake til ein tørrlagt alkoholikar
først skeptiske, så håpefulle, så glade (…)»
frå s. 66, tredje siste side

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s