Eg har lese Maren Uthaug 11 % (Samlaget 2023), ei bok som verkeleg tok pusten frå meg! Ho er pikant, groteskt, underhaldande, smart og festleg. Romanen er omsett frå dansk av Ingvild Holvik. Boka mi er eit lesareksemplar frå forlaget. Romanen er satt til fram i tid, med eit fast, solid godt grep: Uthaug har… Fortsett å lese Perfekt på kanten
Kategori: bokanmeldse
Tusenfryd
Det er ikkje kvar dag det kjem ut diktbøker for barn som skriv seg inn i forteljinga om det som er gøy å høyre verte lese opp til alle døgnets tider og for nett fleire tidsaldrar! Eg las høgt frå Tusen elgar i garasjen av Sigmund Løvåsen (Samlaget 2023, lesareksemplar) i stova mi, og dei to vaksne… Fortsett å lese Tusenfryd
Å sjå ei anna verd
Eg har lese Det er lenge til skumring av Tharaniga Rajah (Samlaget 2018) - ein framtidsroman som teiknar opp eit nytt landskap for meg, ei verd med ei alternativ norsk røynd. Boka skildrar kampen for ein samisk stat etter ein skandinavisk krig. Allereie med det, vert eg også kasta rundt. Når eg les bøker er sjeldan nordmannen… Fortsett å lese Å sjå ei anna verd
Tung som bly eller berusende lett?
Noen ganger kan man takke og bukke til ja takk, ja begge deler! Man får i pose og sekk. Jeg har lest Bly av Lars Saabye Christensen (Cappelen forlag 1990), bok to i trilogien om Kim Karlsen, den som startet med boka Beatles (1984). Den er både helt ellevill og deilig jordnær, med humor, skråblikk… Fortsett å lese Tung som bly eller berusende lett?
Tru på harde livet
Eg har lese første bok ut i ein kvartett om kvinners liv og arbeid, draumar og lengt, krig og kjærleik på nittenhundretalet i landa Finland og Sverige, i fire generasjonar. Boka ber tittelen Bomullsengelen og er skriven av Susanna Alakoski, omsett til nynorsk av Runa Kvalsund (Samlaget 2023). Det er ikkje alltid lett å tru på englar. Men… Fortsett å lese Tru på harde livet
På den andre sida
Eg har lese Du er så lys av Tore Renberg (Forlaget Oktober 2016). Eg likar Renberg si skrivestemme, og aller best har eg nok likt å lese Tollak til Ingeborg som er på nynorsk. Difor gledde eg meg særskilt til å lese Du er så lys som også er skrive på dette målet. Det vart ei glitrande reise i mørkeret som… Fortsett å lese På den andre sida
Det viktigaste av alt
Eg har lese Tarjei, 13 år av Anja Dahle Øverbye (Samlaget 2023). Eg klappar meg på hjartet og tenkjer: Det viktigaste er å treffe barn og unge når dei treng det. Denne forteljinga set ord på ein kvardag som er snudd litt på hovudet samstundes som den er høgst relevant for veldig mange barn av… Fortsett å lese Det viktigaste av alt
Mellom notene
Jeg har lest Lars Saabye Christensen sin Beatles fra 1984 (Cappelens forlag). Ungdomsromanen om oppvekstens ungdomstid for fire gutter født i 1951 i Oslo, er den første boka i noe som etterhvert ble en triologi. Jeg vil også lese Bly og Bisettelsen. Men først skal jeg nyte denne musikken av en bok. Kapitlene i boka… Fortsett å lese Mellom notene
Utan sensur smiler eg takksam
Påske er lesetid for fleire folk. Vi les ikkje berre krim, det trur eg er ein myte. Eg starta årets påsketid med ein roman frå psykiatrien og frå krigen. Ho heiter Tallboy og er skriven av Therese Bakkevoll (Samlaget 2023). Miljøterapeuten T jobbar på sjukehuset. Ho, dei andre tilsette og pasientane jobbar med livet, kjempar… Fortsett å lese Utan sensur smiler eg takksam
Omfamnar kvardagslivet
Eg har lese Heime aleine av debutant Lina Breidablik (Gyldendal 2023, lesareksemplar frå forlaget). Boka tok meg ut av eiget hus, ut i gata med Kiwi og inn i sanse- og tankeverda i same rørsler. Vil du verte med på ein heimleg jordomsegling? Eg-personen i romanen er ein person som ikkje likar å planlegge. Ho bur i eit… Fortsett å lese Omfamnar kvardagslivet
